WEBLOGG

Livet er alltid lyst framfor skjermen —– helsing frå Kristian Fuglseth

Folkestyret er noko å styre etter

Faksimile frå Sunnmørsposten 24. mai 2016

Faksimile frå Sunnmørsposten 24. mai 2016

Folk har fått presentert kommunesamanslåingar som ei løysing utan å få vite kva som skulle løysast.
Trudde vi at framtida vart vond, og at vi ville få det betre med samanslåing? Nei. For hadde vi trudd det, hadde resultata frå folkerøystinga vorte annleis. Når folket seier nei til samanslåing, fell også logikken bak reforma vekk. På same måte som ein må vere samd i eit problem, må ein vere samd i spelereglane for å finne løysinga på problemet.
Folket valde å halde fram som før i staden for samanslåing. Det bør kommunestyret styre etter. Det er ein del av folkestyret.

Grasrota. Den må ein tru og vere tru mot. Folket såg ikkje at samanslåing var ei løysing, og fordi det presenterte problemet var uklart, fell reforma saman. Tilliten til løysinga har smuldra vekk.

Det same lærte vi mellom anna i EF-kampen. Då skulle alt gå gale om ein heldt fram som før, men no kan vi vere glade for at folket sa klart nei den gongen. Regjeringa var for. Styresmaktene er alltid det, for det er dei som føreslår reformer og effektivisering gjennom til dømes samanslåingar. Hadde dei fått avgjere spørsmålet åleine, ville vi truleg betalt 17. mai-grauten med euro og sett ein ring av gullstjerner ved sidan av riksvåpenet.

Slik er også kommunereforma. Både folket og vi politikarar har altså fått presentert vage ord om moglege problem, ein bakgrunn, ramme eller premiss, kall det kva som helst, for å ta val. Problema er oppkonstruerte, og løysinga høver heller ikkje til det påståtte problemet. Her kjem mykje av essensen i folkestyret inn. Styresmaktene må styre etter dei spelereglane som folket vil skal gjelde for utfordringa som skal løysast. No har folkerøystingane vist med stort sannsyn at folket ikkje er samde nok i bakgrunnen og skildringa av problemet, til at det rettferdiggjer løysinga med å slå saman kommunane.

Det finst ikkje ei tydelegare temperaturmåling av utfordringar i samfunnet enn når tusenvis av innbyggarar peikar i same retning – og spesielt når dei peikar i ei anna retning enn dei styrande. Denne folkeviljen skreiv vi ned i talane våre to dagar før valet, og dette er folkestyret.

Veljarguide til kommunereforma

1) Vil det verte betre tenester i ein større kommune?

– Nei, små kommunar gjev i reglen betre tenester enn store. Innbyggarane i små kommunar er som oftast dei som er mest nøgde.

2) Kan vi bestemme dette sjølve, eller vil Stortinget tvinge oss til samanslåing?

– Nei, Stortinget vil at ei samanslåing skal vere frivillig, og det er dei som avgjer. Handsaminga i Stortinget understreka at Regjeringa ikkje kan tvinge kommunane med økonomi eller andre ting.

3) Vil vi få større makt viss vår kommune blir større?

– Nei, ein ordførar som reiser til Oslo åleine for å tale på vegner av ein kommune med 25 000 innbyggarar har ikkje meir makt bak krava, enn to ordførarar med tilsaman 25 000 innbyggarar som reiser til Oslo med same føremålet. Men ein kan kanskje spare noko utgifter til flybillett.

4) Vil det verte meir makt til byråkratiet?

Ja. Talet på politikarar vil bli redusert med om lag ¾, og desse vil ikkje ha kapasitet til å handsame ei femdobling av saker ved ei kommunesamanslåing. Fleire saker vil difor verte overlatne til byråkratane.

5) Er intensjonsavtalane bindande?

– Nei. Dersom t.d. Runde kommune blir noko av, vil ei såkalla Fellesnemnd med tre representantar frå kvar kommune lage ein avtale for korleis den nye kommunen skal styrast.

6) Vil det verte meir privatisering i ein større kommune?

– Mest truleg, ja. Det er lite interessant for privat næringsliv å legge inn anbod i relativt små kommunar, så dess større dess betre. Dette er også grunnen til at NHO ønskjer berre 100 kommunar. ”– Større kommuner gir bedre muligheter for private velferdsbedrifter, særlig innen hjemmepleie, reinhold og tekniske tjenester,” sa tidl. adm. dir Petter Furulund NHO Service.

7) Vil kommunane tape pengar dersom ein vel å ikkje slå seg saman med nokon?

– Mest truleg ikkje, og truleg ikkje meir enn 300 kroner per innbyggar. Dette står i H, FrP og V sin avtale til nytt inntektssystem. Men det løner seg likevel å stå åleine, fordi ei samanslåing der Ulstein er med, vil truleg koste mellom 1,7 og 2 mill. ekstra i renter og avdrag. Så Hareid tener kanskje ein halv million på å stå åleine. Reknestykket i Ålesund regionkommune er så komplisert at det er det ingen som har oversikt over.

8) Så kva bør ein røyste?

Ein bør røyste utifrå det ein tykkjer vil vere best for sin kommune.

”Nytale” om kommunereforma

Bilete er henta frå Eventyr av Hans Christian Andersen. Teiknar Arthur Rackham.

Kva kan ein H, V og FrP eigentleg sleppe unna med ved bruk av politisk retorikk og nytale? ”Det skal svi mindre å vere liten?” – Du får juling, men dersom eg får pengane dine, skal du sleppe unna med litt mindre juling?

Der er nokre vesentlege premiss som styresmakta slepp for billig unna med. La oss undersøke kva som står til dømes i Regjeringa sin ”nye avtale” om nytt inntektssystem. Der refererer PR-pakkane (utsende torsdag 21. april) til ”frivillige smådriftsulemper» og «frivillige små kommuner”, og innfører dermed eit nytt omgrep. I det originale høyringsforslaget frå Regjeringa er det nemnt 88 gongar i det 101 siders lange dokumentet. Omgrepa er ein måte å seie at ein ikkje har sans for innbyggarar og kommunar som held fram som små. Skilnaden er berre at ein seier det på ein ny måte. Ny tale, ”new speak” på engelsk – eit retorisk (om)grep. Ministeren slepp å forklare innhaldet i omgrepet. Dermed blir det spikra og festar seg med inntrykk av at små kommunar er eit problem. Utan at nokon set spørsmål ved det, får lokalpolitikarane ape/herme etter orda og gå vidare i sitt resonnement og siterer frå forslaget til nytt inntektssystem med karakteristikkar om at små kommunar er problematiske og at dagens inntektssystem er urettferdig – det er med på å ta pengar frå dei ”normalt store” og gje til desse små.

Logikken i heile denne tankerekka er uhandgripeleg fordi den set verdiar opp mot kvarandre som ikkje kan målast. Ingen kommunar er like, ikkje teneste eller innbyggarar. Der er alltid flytandre grenser mellom by og land. Korleis kan ein stille kontrollspørsmål når styresmaktene konstruerer storleikar etter nytale? I det nye forslaget har Kommunaldepartementet sett opp kilometer (km) for å rekne storleiken på kommunale, økonomiske tilskot (kr). Dette er sjølvsagt like ulogisk som å samanlikne eple og pærer – men likevel teke til inntekt for ein vedteken standard som ikkje finst. Altså nytale. Eller ”tullprat” som nokre ville sagt.

 

Er det sentralisering?

Kan det vere at omgrepet den bygger på ein dårleg skjult agenda? Der er ingen små kommunar som i realiteten får sine administrasjonskostnader sponsa, slik t.d. Venstre og FrP insinuerer i oppslaga som kom torsdag. Det er sjølvsagt ingen kommunar som skil mellom at midlane går ”administrativ veg” eller ”tenesteveg.” I ei kommune får t.d. oppvekstsektoren ein pott, og så stryper ein administrasjon for så vidt å halde seg innanfor minstekravet av lovpålagd tenesteyting. Dei konstruerer altså eit problem med dagens små kommunar og seier eigentleg at han ikkje vil betale for eit byråkrati som truleg trengs det vesle som er – og som ikkje blir mindre med større einingar.

Vi les i avisinnlegg, høyrer folk reiser seg og pratar på møter og i kantiner eller kvar som helst – at mange er skeptiske. Dette er truleg berre toppen av eit isfjell – eit folk som tvilar fordi ein ikkje veit kvar ein skal gripe reforma an for å finne innhald og meining. Altså – kvar er innhaldet i orda som skal til for overtyde oss om auka kvalitet? Større einingar hjå kvalifisert fagfolk fører jo berre til at det blir lenger til tenesta, seier mange. Og legg du dette til skjerpa økonomiske krav, blir jo ikkje tenesta betre der folk bur – ho blir berre samla ein annan stad – og utan anna verkemiddel for kvalitet enn at fleire tilsette er samla på ein stad. Det er nesten som styresmaktene må overtyde oss med ei kjensle av logikk (etos), og ikkje logiske fakta (logos). Er det ikkje like logisk då at resultatet like gjerne kan vere fallande innbyggartal på mange av desse små stadane, og dårlegare økonomi og tenester. Og vil ikkje dette svekke demokratiet fordi ressursutnytting, lokalt engasjement, debatt og dialog i lokalaviser, lokalkunnskap og eigarskap også vert svekka?

 

Men attende til debatten om inntektsmodellen. Å grunngje forslaget med at nokre er frivillig små no, vert ugyldig for ei kommune der innbyggarane vel å halde fram å vere små i framtida. Det fører til at forslaget berre fungere med føresetnad om at alle kommunane vert større, men vil ikkje fungere dersom innbyggarane vel å halde fram som eiga kommune. Bør ikkje Venstre, Høgre og FrP utfordrast på om forslaget er tufta på at dette er eit forslag som let innbyggarane bestemme kommunestruktur sjølve? I staden for kjensla, trua eller trugsmål på om lågare inntekt i framtida? Innbyggarane kan då like gjerne snu på argumentet og sjå at resultatet blir verre økonomi, fordi samanslåing ikkje er rette verkemidlet for auka kvalitet der dei bur. Det er like logisk.

 

Er kommunereforma keisaren sine nye kle?

Regjeringa+Venstre slepp for billeg unna desse retoriske krumspringa. Dei driv ein retorikk og politisk kommunikasjon som er råare og mindre naiv. Det kan verke som at norsk politikk ikkje skal vere så naiv, ærleg og tydeleg lenger. For å få gjennom sin ideologi, må ein skape eit nytt ordforråd som verkar friskt og overtalande. Det er som at FrP, V og H er skreddaren, og kommunereforma er keisaren sine nye kle. Ein kan verken debattere eller kome til botns i noko av det som blir sagt og skrive, fordi hastverket, prosessane og omgrepa er uhandgripelege og usynlege – av den enkle grunn at dei er nytale og ofte på grensa til feil, lygn eller tullprat.

Kronikk i Ny Tid om mediekrigen

Faksimile frå Ny Tid 1. april 2015

Faksimile frå Ny Tid 1. april 2015

Nei, det er ikkje aprilsnarr, men første april trykte Ny Tid ein kronikk som eg har skrive. Den handlar om mediedekninga av Afghanistan, og teksten fylgjer under her. Spørsmålet frå Ny Tid var om eg kunne skrive noko om kva som står på spel når både NRK og Forsvaret er involvert.

Min originale tittel var:

Propagandakrigen i Afghanistan

Propaganda- og mediekrigane flimrar framfor oss – men volumet og avstaden gjer oss likesæle. Vi treng å vakne, stille kritiske spørsmål og sjå nøyare på kva som gøymer seg i flimmeret. Dokumentarskapar John Pilger sin tekst frå sist utgåve (NY TID nr. 11/15) syner behovet for å vakne or flimmerskodda. Når norske myndigheiter målber dei same NATO-historiene og verkemidla som mellom andre Pilger vitnar om, må vi spørje om den norske versjonen også er propaganda.

Før Noreg trekte seg ut av Afghanistan for to år sidan, sende NRK nokre av sine mest erfarne journalistar til Faryab-provinsen for å undersøke korleis forholda eigentleg var. Dei ville undersøke om det var sanning i dei polerte og politisk korrekte uttalane frå regisserte nyheitsinnslag. Soldatane på bakken i Afghanistan hadde lenge meint at forsvarsleiinga og den politiske leiinga pynta på bilete av krigen, og no ville soldatane fortelje sin eigen versjon. Kommunikasjonsavdelinga i Hæren hadde fleire gonger spurt NRK om å lage ein substansiell dokumentar om Afghanistan. NRK hadde naturlegvis vegra seg av tryggleiksgrunnar, og fordi det ville bli på Forsvaret sine premissar.  Då NRK til slutt tok avgjerda om å lage ein dokumentarserie, var det eit bidrag til samfunnsdebatten om norsk ISAF-innsats, og samstundes ein gjennomtenkt PR-strategi i Hæren sitt sjølvforsvar. Altså eit forsvar i mediekrigen, men også i den reelle krigen. Det gjekk nemleg ikkje så bra med fredsbevaring, kvinners rettar og demokrati i Afghanistan. Norske soldatar døydde, og det heile likna meir og meir på ein krig mot si hensikt.

Var Noreg i krig?

Det tok fleire år før norske politikarar kunne erkjenne at Noreg var i krig. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg strekte seg til å kalle det krigsliknande handlingar. Men faktum var at norske soldatar døydde i Afghanistan i krigen mot terror. Forsvaret sitt oppdrag var å auke tryggleiken for sivilbefolkninga og gjere afghanarane sjølve i stand til å sikre og bygge opp att landet etter Taliban-regimets fall i 2001, men denne operasjonen hadde sin pris for Forsvaret. Det vert etterkvart klarare for NRK at eit samarbeid med Forsvaret kunne tene begge partar.

Frå 2009 nådde debatten om Noreg sitt engasjement i Afghanistan nye høgder etter fleire dødsfall og svekka tryggleik. Debatten dreia seg rundt spørsmålet om Noreg tok del i ein krig, eller om styrkane i Afghanistan var fredsbevarande. Dei norske soldatane i Afghanistan stod midt opp i det dei skildra som ein krig, medan norske politikarar forsvarte innsatsen som ein del av den internasjonale, fredsbevarande styrken. For at NRK skulle oppfylle sitt samfunnsoppdrag, i alle fall før TV2 kom dei i forkjøpet, måtte dei dokumentere meir av det som skjedde i Afghanistan. Det var jo også målet for Hæren. Debatten måtte reflektere meir innsikt om realitetane på bakken i Afghanistan – gjerne slik soldatane kjende det på kroppen.

NRK sin dokumentarserie Norge i krig – oppdrag Afghanistan vart sendt mellom 25. april og 1. juni 2011. Ein av dei sentrale karakterane, oberst Rune Solberg, illustrerte motløysa som dei norske soldatane kjende på, ved å skildre oppdraget slik: «Det handler om å sette en begrensning for det onde og fremme det gode.» Gjennom dokumentarserien fekk vi sjå korleis dette synet vart forsterka til ei fortvilt likesæle utan rom for kritiske spørsmål.

Avtalen mellom NRK og Forsvaret

Dokumentarserien er eit godt døme på korleis ein mediekrig vert ei forhandling om sanninga. Interessant nok kan denne forhandlinga sporast til den skriftlege avtalen som vart skriven mellom NRK og Forsvaret før filminga starta. I avtalen står det klart kva som er målet for Forsvaret, og det er gjort greie for samfunnsoppdraget til NRK. Nokre punkt er forhandla inn frå Forsvaret si side, og andre punkt er skrivne av NRK. Begge partar måtte gje frå seg noko, samstundes som dei fekk noko attende. Balanse i dekninga er eit sentralt problem. NRK var avhengig av at Forsvaret sikra tryggleiken til journalistane, og måtte då gje frå seg fridomen til å snakke med sivilbefolkninga utan soldatane hengande over skuldrene. Forsvaret måtte derimot la soldatane snakke fritt til NRK, men karakterane var valde på førehand. NRK fekk høve til å filme alt som skjedde ute på oppdrag, men måtte akseptere at filmen skulle til gjennomsyn før sending. Det er vanskeleg å utføre samfunnsoppdraget i embeddingsystemet, og det er sjeldan krigsreporterar lukkast i forsøket.

PR-dokumentar

Kva var det NRK fann i Afghanistan? Stemde glansbilete frå nyheitsreportasjane? Langt i frå. Det var faktisk soldatane sjølve som fekk vere forteljarar i NRK sin dokumentarserie. Dei fortalde om ein altfor liten styrke til å gjere ein skilnad. Mellom linjene var bodskapen enno verre – nemleg at taktikken avla vold i staden for fred. Det var ein norsk styrke, malplassert ein stad dei ikkje fann seg til rette eller høyrde heime. Med problem ein ikkje visste korleis ein skulle løyse og ein kultur ingen forstod. Høyrest dette kjent ut? Det er nok å bla seg attende til Pilger sin tekst. Hans forteljing om krig og propaganda – frå før den første krigen og langt etter den siste. Der er mange slike forteljingar og dokument å velje mellom.

Norge i krig – oppdrag Afghanistan fengsla publikum over tid, og når ein set dette inn i den legitime NRK-ramma i beste sendetid, gav det bodskapane og soldatane truverd. Det som kom fram var at soldatane og deira leiarskap også forhandla om sanninga. Soldatane måtte forsvare seg mot Taliban, men også mot den polerte NATO-propagandaen om det fredsbevarande i oppdraget deira. Dei fekk spørsmåla: kvar blir det av freden og kvifor vil den fattige lokalbefolkninga ta livet av dykk?  Forsvaret for sin del hadde eit overordna mål om å gjennomføre den til ei kvar tid gjeldande forsvarspolitikken, skape interesse for og debatt rundt seg sjølve. Forsvaret ynskte å styrke omdømmet, truverdet og legitimiteten. Auka kjennskap gav større aksept for Forsvaret si verksemd. Det fekk dei ved å dokumentere samfunnsverdien. Slik vart NRK-dokumentaren også ein del av mediekrigen, og rett og slett ein PR-dokumentar med Hæren som forteljar.

Politikk og propaganda

Når NRK lagar ein dokumentar der Forsvaret er så tett involvert, vart dei vanskelege oppgåvene synlege og Forsvaret sine utfordringar klare. Men NRK-serien var også med på å rette peikefingeren mot den vedtekne forsvarspolitikken. Dei polerte uttalane i regisserte nyheitssendingar heldt ikkje vatn då dei vart prøvd på bakken i Afghanistan. Også denne gongen sette ein i verk store, militære operasjonar utan eit klart formål. Dokumentaren kunne vore tydelegare, men måten NRK løyste det på, gjorde nok at forsvarsleiinga ikkje hadde anna val enn å la serien verte send. Frå dei første episodane fekk vi eit bilete av Forsvaret sine utfordringar, men ikkje før i dei siste episodane kom ei slags stadfesting av at sjølv om Forsvaret gjer så godt dei kan, vart dei sette til å gjere umoglege oppgåver. Politikken let seg ikkje gjennomføre. Siste episode startar med ein tekstplakat der ei utsegn frå oberst Solberg er attgjeve: «Menneskerettigheter, kvinners rettigheter […] det er ingen vits å tenke tanken en gang.» Politikken set soldatane i ein fortvilt situasjon, medan resten av oss går rundt her heime i ei likesæle, mysande inn i flimmeret frå eine mediekrigen til den andre.

Noreg svarar for NATO sin felles militære strategi, ein for alle, alle for ein – og den strategien inneber også at vi akseptere propagandaen. Seier NATO fredsbevaring, så er det eit fredsoppdrag. Er det ikkje eit paradoks – at trass i all informasjonen vi har tilgjengeleg, trass i at sanninga kanskje er klarare enn nokon gong, ser det likevel ut til at vi føretrekk den same propagandaen som vanleg?

Kronikken bygger mykje på artikkelen ”Dokumentar eller PR? Ein analyse av dokumentarserien Norge i krig – oppdrag Afghanistan” i boka Hvor går dokumentaren? Nye tendenser i film, fjernsyn og på nett.

Les artikkelen og andre betre tekstar i Ny Tid. Det kostar berre 35 kroner.